Dette er ein blogg for dei som ønskjer å følgje Anders og meg på turen til Tanzania og drømmen om å bestige Kilimanjaro og oppleve dyra, menneska og kulturen i Afrika.
torsdag 6. september 2012
Fire veker igjen :)
Fire veker til eg og Anders reiser på vår drømmetur til Afrika. Det har vore ein travel haust for oss i Tovegen 9, men no nærmar det seg avreise med stormskritt. Vi gleder oss stort til opplevingane som ventar oss, sjølv om det har vore mykje negative kommentarar om turen vår til Kilimanjaro. Vi er sjølvsagt klar over at dette er eit høgt fjell og at det kan innebære problemer for oss, men eg var ikkje klar over at folk skulle vere så negative og opptatt av å fortelje oss kor sjuke vi blir og "alle" de veit om som ikkje klarer det. Som sagt, dette er vi veldig klar over, men uansett så håper og trur eg at vi får ein fin tur til Afrika. I morgon er det klart for vaksinering, så no er det ingen tvil om at vi skal ut å reise snart :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar