søndag 30. september 2012

5 dagar igjen!!!

Da er det ufattelege berre fem dagar til avreise. Anders er opptatt med øving til storprosjektet for 10. klassingane, medan eg så smått har starta med å finne fram utstyr til den store reisen. Det er mykje som skal vere med; klær, sko og utstyr til alle årstider. Eg har sjølvsagt blitt forkjøla, men kryssar fingrane for at det går over til fredag. Torsdag kveld etter at Anders er ferdig med siste forestilling på kulturhuset, køyrer vi til Værnes og overnattar der, for flyet til Amsterdam, kor vi skal mellomlande, går halv sju fredag morgon.
Før helga var eg i banken og prata med Liv, og ho fann fram div. skulesaker som vi skal ha med å gi til barn når vi skal på skulebesøk i Tanzania. Reknar med dei blir glade for å få ting dei treng.
Denne veka er det fullt opp med forestillingar for Anders, og eg har arbeid, fotballavslutninger og div. som skal gjerast. I tillegg skal vi sjølvsagt på forestilling vi også. Torsdag kveld rekk eg Zumbatimen min også før vi reiser.

2 kommentarer:

  1. Hei Anita!
    Dere er noen riktig tøffinger! Ønsker dere en fantastisk tur med mange fine opplevelser!
    GOD TUR!!!!!!!!
    Klem fra Elisabeth i Ålvundfjord

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Elisabeth, er mildt sagt VELDIG spent!!! Klem fra Anita :)

    SvarSlett