søndag 12. august 2012

Snota

Sauer er ålreite dyr.

Vakkert!

Anders studerer kartet.

Målet:)



Skodde på toppen...

På tur ned igjen.

Har mor besvimt...
Laurdag 11. august vart det topptur til Snota på oss. Snota ligg i Trollheimen og er det høgaste fjellet i Surnadal med sine 1668 moh. Toppen er lett tilgjengeleg frå Gråsjøen i Folldalen, Trollheimshytta eller Vindøldalen. Vi gjekk frå Gråsjøen i Folldalen. Det var ein lang tur. Vi tok det med ro og hadde fleire stoppar der vi åt nistematen vår. Vëret var fint, litt sol og litt overskya, men på toppen var det skodde medan vi var der, men utsikta var fantastisk lenger ned også. Vi feilberegna nok tida litt, for med litt for sein start på føremiddagen og litt for lange pausar, vart det langt på dag / nesten kveld før vi var på toppen. På tur ned hadde absolutt alle mygg i heile Trollheimen samla seg rundt dette området, i tillegg til at vi hadde ete opp all maten vår og drukke opp all drikken vi hadde med. På tur over ein av bekkane vi måtte krysse måtte naturlegvis mor trø feil på ein stein og "bada" opp til midja, men vi var fortsatt ved godt mot. Anders er ein fantastisk turkamerat og optimist. Mørket kom sakte, men sikkert sigande over oss på tur ned, men med dagens moderne telefonar hadde vi ein "app" med lommelykt som vi bruka på slutten. Ti over halv tolv kom vi ned til bilen. Da var vi svoltne, tørst og veldig glad for å ha kome ned igjen. Vi hadde ein kjempefin tur, fantastisk natur i Trollheimen. Vel heime fekk vi servert bacalao, kald brus og pils; fantastisk godt! Tusen takk for ein flott dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar